Vitenshitshow

Bilde av Dennis Siva Lie og Stian Sande med det som ser ut som eksplosjonar bak dei.

Framsyningar

Henter programmet

Dennis Siva og Stian Sandø har i ei årrekkje underhalde barn og unge med sitt populære vitskapsshow. No tek dei med seg det beste og mest morosame frå TV til scena!

Vitenshitshow er ein fargerik og energisk cocktail av flammar, eksplosjonar, latter og læring – der nysgjerrigheit og kunnskap går hand i hand.

Dennis og Stian er kjende frå Newton på NRK, og har i mange år begeistra publikum med kule, spektakulære og morosame eksperiment. No er dei klare til å ta MiniFjorden med storm – og vise at vitskap både kan vere gøy, overraskande og litt eksplosivt!

NB! Før showet kjem Vite Meir til å ha aktivitetar i Vestibylen, meir info kjem etter kvart!.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 17. januar kl. 14:00.
Varigheit: cirka 50 minutt.
Billettprisar:
Ordinær: kr 265,-
Born under 12 år: kr 255,-
Ledsagerbevis/Følgjekort: kr 0,- (NB! Ledsagarbevis/følgjekort skal visast i døra).

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.