MOJNA

Bilete av dei tre artistane i Mojna, som poserar i svarte klede, med svart bakgrunn.

Framsyningar

Henter programmet

Dørene opnar kl. 18:00. Konsert frå kl. 19:00.
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.

MOJNA kombinerer nyskriven musikk med kontrapunktiske fragment og improvisasjon i si kreative tolking av nordisk folkemusikk. Med fingerstyle-gitar, hardingfele og bassklarinett skaper dei eit særeige lydlandskap som har blitt varemerket deira.

I juni 2024 gav MOJNA ut sitt andre album, Väntenätter, som vart møtt med stor begeistring. NRK gav albumet den sjeldne karakteren «6 av 6», og det vart nominert til Folkelarmprisen for Årets album. For arbeidet med Väntenätter vart Thomas Eriksson kåra til Årets komponist under den svenske Folk- & Världsmusikgalan 2025.

I oktober 2025 følgde trioen opp med sitt tredje album, Mareld.

Dag & Tid skreiv:
Ein utbreidd bruk av kontrapunkt (stemmer som likeverdig kryssar kvarandre, gjerne i ulike rytmemønster) er ikkje den mest brukte teknikken innan den moderne folkemusikken. Men her fungerer det svært godt, og det medfører ein detaljrikdom som gjer at ein oppdagar noko nytt kvar gong ein lyder til musikken.

Instrumentsamansetjinga kan lett få ein til å tenkja seg at fela speler melodi, gitaren kompar med akkordar og bassklarinetten held seg til basslinjene. Men slik er det ikkje. Melodiane går på kryss og tvers, av og til spelar dei unisont, og det heile er ganske komplekst samstundes som det spelar på lett tilgjengelege stemningar som energi eller melankoli.

Konserten er støtta av Kulturrådet.

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 3. oktober. Dørene opnar kl. 18:00, konsert frå kl. 19:00. Dørene stenger kl. 22:30.
Billettpris:
Ordinær: kr 299,-
Student (VGS og oppover): kr 249,-
Under 18 år: kr 249,- (NB! Må ha med edrueleg verge og fylle ut vergeskjema)
Ledsagar/følgjekort: kr 0,- (ledsagarbeviset/følgjekortet skal visast i døra).
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje med edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.