Bård Tufte Johansen - Prøver å være positiv

Bilde for Bård Tufte Johansen - Prøver å være positiv

Framsyningar

Henter programmet

Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.

Endeleg er Bård Tufte Johansen tilbake med eit nytt standup-show!

Bård Tufte Johansen har sidan tidleg nittital laga ei lang rekkje humorprogram, mellom anna «Lille Lørdag», «Åpen Post», «Uti vår hage», «Team Antonsen», «Tazte Priv», «Tre brødre som ikke er brødre» og «Brille» – for å nemne nokre.
Som dei fleste no veit, er han fast programleiar i «Nytt på Nytt» på NRK og var sist å sjå på scena i «12 Gode Råd» saman med Atle Antonsen.

Etter supersuksessen med solodebuten «Bård Tufte Johansen – Mann (44)», som fekk både femmarar og seksarar av meldarane, er han no klar med den etterlengta oppfølgjaren.


Alt var kanskje ikkje betre før, men det var i alle fall annleis. For ting endrar seg – i kroppen, i forholdet og i samfunnet.
Men det er inga vits i å stritte imot endring; ein kan like gjerne akseptere henne. Så Bård Tufte Johansen vel å vere positiv!
Eller… han prøver å vere positiv.

Hjarteleg velkomen til ein forsøksvis positiv humorkveld!

Meldarane var i alle fall positive…:

«Ei maktdemonstrasjon» terningkast 6 – NRK

«Eit kinderegg – eit stort eit!» terningkast 6 – NETTAVISEN

«Ein av våre beste komikarar» terningkast 5 – AFTENPOSTEN

«Førsteklasses opplegg» terningkast 5 - DAGSAVISEN

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 4. desember 2026, kl. 19:00 og EKSTRAframsyning kl. 21:00.
Varigheit: cirka 75 minutt utan pause.
Billettprisar:
Ordinær: kr 565,-
Gruppepris for 6 eller fleire: kr 540,- per stk.
Student: kr 465,- studentbevis må visast i døra.
Ledsagerbevis/følgjekort: kr 0,- (NB! Den som treng følgje skal kjøpe ordinær billett. Følgjekort/bevis skal visast i døra.)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.