Sigrid Moldestad med band

Framsyningar
Henter programmet
Foto band: Magnus Skrede.
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
Tidenes veg-turne 2026
- nytt album og bandturne for Sigrid Moldestad.
I mars 2026 kjem Sigrid med sitt niande (!) soloalbum og med det turne!
Ho har siste åretjobba mykje solo med akustiske konsertar, og ser difor ekstra fram til å dra på tur medmusikarane ho har jobba med i mange år. Moldestad er kjend for si fortellerglede og kommunikasjon med publikum. Musikalsk spenner det frå det ville til det vakre. Musikarane i bandet pregar musikken med sine bakgrunnar i ulike genrer; visepop, blues, rock og kyrkjemusikk. Saman skapar dei eit musikalske overskot som rører.
Det nye albumet er forankra i både naturen ho kjem frå, bygdeliv, samliv, foreldreskap og undringar kring dei store spørsmåla. Fjella lurer i bakgrunnen og kjærleiken til folkemusikken ho kjem frå er aldri langt unna. Saman med sitt, etterkvart veletablerte band og kollektiv,skapar ho musikalske lydspor til historiene med energi, humor og klump-i-halsen stemning. Genreleikent og velkjent for dei som har følgt Sigrid og bandet ei stund.Turneen startar 13.mars med musikalske fortellingar og eit sterkt scenisk nærvær. Dei nye songane saman med høgdepunkt frå heile karrieren.
Sigrid Moldestad Band:
Sigbjørn Apeland (tangenter)
Kåre Opheim (trommer)
Jørgen Sandvik (gitarar)
Anders Bitustøyl (bass)
Roald Kaldestad (gitarar)
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 20. mars kl. 19:00.
Varigheit: ca 105 minutt inkludert 15 minutts pause.
Billettpris:
Ordinær: kr 595,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- (NB! Følgjekort skal visast i døra)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.