Frivilligfest 2025

Bilde for Frivilligfest 2025

Framsyningar

Henter programmet

Velkomen til Frivilligfest 2025!
Gratis, men hugs å ta ut gratis billett ved å trykke på klokkeslettet over.

Sogndal kommune inviterer alle frivillige til ein festleg haustkveld der me hyllar innsatsen de gjer for lokalsamfunnet! Det blir god underhaldning, inspirerande historiar frå frivillige lag og foreiningar, informasjon frå kommunen – og ikkje minst, eit motiverande føredrag med Henning Aarekol: “Verdien av å vere frivillig.”

Dette er eit ope arrangement for alle som bidreg med frivillig innsats i lokalsamfunnet – uansett korleis du engasjerer deg. Enten du er trenar for eit idrettslag, aktiv i Røde Kors, deltek i bygdalaget, arrangerer eigne tiltak eller på andre måtar gir av tida di for fellesskapet: Denne kvelden er for deg.

Henning seier sjølv:

“Eg har frå barndommen vore ein del av frivilligheita, og sett verdien av å hjelpe andre. Men eg har òg sett ein annan verdi – verdien av å møte andre og kjenne på følelsen av meistring. Eg vil fortelje om desse verdiane, og setje ord på stoltheita alle som er frivillige burde kjenne endå meir på.”

Kvelden gir deg moglegheit til å møte andre frivillige på tvers av bygder og organisasjonar. Me serverer mat og kaffi – og lovar god stemning og litt ekstra heider til dykk som står på for andre!

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Onsdag 19. november kl. 17:30-20:30.
Gratis, men hugs å ta ut fribillett!