Bruce Springsteen - The Songs and the Stories

Bilde for Bruce Springsteen - The Songs and the Stories

Framsyningar

Henter programmet

Velkomen til ei hyllest til «The Boss» med Torbjørn Undeland & The T Street Band!
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.

Framsyninga «Bruce Springsteen – The Songs and The Stories» er meir enn berre ein konsert – det er ei musikalsk reise gjennom hjartet av Amerika, sett gjennom auga til Bruce Springsteen. I over fem tiår har Springsteen gitt stemme til arbeidarklassens liv, utfordringar og draumar – med tekstar som er like poetiske som dei er politiske, og melodiar som brenn seg fast.

Framsyninga løfter fram dei største låtane – frå episke «Born to Run» og rå «The River», til det nære og sårbare i «Philadelphia». Men det stoppar ikkje der. Mellom låtane får publikum høyre historiene bak songane – korleis dei vart til, kva dei handlar om, og kva for ei tid og samfunnsmessig kontekst dei sprang ut frå. Alt blir vevd saman til ei heilskapleg og sterk oppleving som gir eit nytt og djupare perspektiv på Springsteen sin musikk.

På scena står Torbjørn Undeland, kjend som ein av Noregs mest uttrykksfulle og truverdige Springsteen-tolkar. Sammen med sitt faste band, The T Street Band, som har tolka og spelt Springsteen i over ti år, leverer han eit kraftfullt, ektefølt og musikalsk presist show som treff både fans og nye lyttarar rett i hjartet.

Dette er ein kveld for alle som elskar musikk med meining – og for alle som har eit forhold til stemma, gitaren og historiene til Bruce Springsteen.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 7. mars kl. 19:00.
Varigheit: ca 2 timar inkludert 20 minutts pause.
Billettpris:
Ordinær: kr 495,-
Ledsager/følgjekort: kr 0,- NB! Følgjekort skal framvisast i døra.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)