Benedicte Maurseth med band

Framsyningar
Henter programmet
Dørene opnar kl 19:00, konsert frå kl. 20:00.
Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.
Benedicte Maurseth er ein av våre mest markante hardingfelespelarar, komponistar og forfattarar. Ho har i fleire tiår vore elev av meisterspelemannen Knut Hamre, og har gjort tradisjonsmusikken frå Hardanger til sitt spesialfelt.
Maurseth har turnert både nasjonalt og internasjonalt, og samarbeidd med nokre av verdas fremste kunstnarar innan teater, samtid og improvisert musikk. Som komponist har ho levert verk til alt frå Kronos Quartet og Prague Music Ensemble til Marvel Studios og Nasjonaltheatret.
Hennar kritikarroste soloalbum Hárr (2022) vann Nordic Music Prize og vart kåra til eitt av årets beste folkemusikkalbum i The Guardian. I tillegg har ho markert seg som forfattar, med boka Systerspel, som vart heidra med fleire prisar.
Med seg på scena har Maurseth eit sterkt lag av musikarar:
- Håkon Stene – prisbelønt slagverkar med internasjonal karriere, kjent frå samarbeid med Oslo Filharmonien, Ensemble Modern og ei rekkje anerkjende ensembler.
- Mats Eilertsen – ein av landets mest ettertrakta jazzbassistar, med over 100 plateinnspelingar og fleire prisar, mellom anna Buddyprisen.
- Morten Qvenild – ein nyskapande pianist og komponist, kjend frå prosjekt som In the Country, The National Bank og samarbeid med artistar som Susanne Sundfør, Marit Larsen og Jaga Jazzist.
Saman skaper dei eit uttrykk der hardingfele møter jazz, samtidsmusikk og improvisasjon, og gir publikum ei unik musikalsk oppleving med djup forankring og stor nyskaping.
Konserten er satt opp i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Laurdag 28. mars. Dørene og baren opnar kl 19:00. Konsert frå kl. 20:00. Dørene stenger kl. 22:00.
Billettpris:
Ordinær: kr 299,-
Student: kr 249,-
Ledsager (følgjekort): kr 0,- Hugs at den som har følgjekort skal kjøpe ordinær billett.
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med).
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)