Øyrehagen

Framsyningar
Henter programmet
Øyrehagen vitjar blaoboxen med nytt materiale og ny besetning! Framleis heiter alle Øyrehagen, framleis er det lite dansbart!
Det er sleppt singlar frå den nye plata som er i kjømda, og Øyrehagen lovar ingenting anna enn gitar, trommer og bass!
Møt opp, sving eit beger og høyr nye smektande låtar om livet og kjærleiken i Fardal og omegn.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 3. oktober. Dørene opnar kl. 19:00, konsert frå kl 20:00. Dørene stengjer 22:30.
Billettpris:
Ordinær: kr 249,-
Student: kr 149,-
Ledsager/følgje: kr 0,- (hugs at den som har med seg ledsager skal kjøpe ordinær billett)
Open Bar - Adersgrense: 18 år.
5 for 4! Dette er ein av 7 konsertar som har 5 for 4 rabatt. Gå på 4 konsertar og få nummer 5 gratis. Du får rabattkortet i baren når du går på konsert.
Billettar kjøper du ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00).
Har du fått billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.