Jula er her – Alexandra Rotan & vener

Bilde for Jula er her – Alexandra Rotan & vener

Framsyningar

Henter programmet

Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.

Folkekjære Alexandra Rotan sørgjer for ekte julemagi saman med fullt liveband. Jula er her rommar tradisjonelle norske julesongar, grenselause klassikarar og nye julefavorittar frå TV – ja, noko for heile familien!

Alexandra Rotan er kjent frå KEiiNO og Stjernekamp, og etter å ha vore gjest på Kurt Nilsen si juleturné i 2023 og Stille Natt i 2022, var tida inne for å spreie julestemning på sitt eige vis i 2024. Det blei ein braksuksess, og i år reiser Alexandra og venene hennar rundt med ei oppgradert utgåve av konserten – som passar for alle, enten ein er mest oppteken av julenissen, juleevangeliet eller julematen.

Sjølv om Alexandra har ei av dei største stemmene i Noreg, er Jula er her ei av dei mest «folkelege» juleturnéane på vegen. Hennar versjonar av «Når himmelen fell ned», «Stjernesludd» og «O helga natt» har allereie fått plass på mange si jule-spelarliste. I fjor gav Alexandra ut julesongen «Jula er her», og i år følgjer ho opp med eit knippe nye utgjevingar.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 11. desember kl. 18:30.
Varigheit: cirka 90 minuttar.
Billettprisar:
Early Bird (til dei 50 første som kjøper): kr 490,- UTSOLGT!
Ordinær: kr 625,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.