Sogndal Platemesse

Bilde for Sogndal Platemesse 2025

Framsyningar

Henter programmet

Velkomen til ei fullstappa platemesse med GRATIS inngang på kulturhuset!
Sogndal Platemesse vert arrangert i samarbeid med Jan Arild Jakobsen, og det er allereie FULLbooka med selgjarar, so her vert det masse for deg som publikum å sjå på.

Er du interessert i musikk på vinyl, CD og kassett? Eller kanskje litt musikk memorabilia?

Laurdag 27. september kjem musikkinteresserte frå heile landet for å vise fram og selje sine store samlingar av variert musikk og memorabilia. Me freistar å fylle heile vestibylen med bord proppfulle av godsaker. Her finn du alt frå vanlege musikalske trivialitetar til sjeldne perler.

Stad: Vestibylen, Sogndal Kulturhus.
Dato: Laurdag 27. september kl. 10:00 - 16:00.
Gratis

PASS OGSÅ PÅ at du får med deg kveldens plateprat "Vinyl med noko attåt" i Blaoboxen.

Har DU lyst å ha ein stand på platemessa? Ta kontakt med Jan Arild Jakobsen på e-post: jana.jakobsen@sogn.no eller tlf 97428281.