Vinyl med Noko Attåt

Framsyningar
Henter programmet
Likte du P.I.L.S? Då vil du digge dette:
Ola Tarjei Kroken og Vegard Hjartholm inviterar til ein kveld i vinylens teikn.
Kjøp billett ved å trykke på klokkeslettet over.
Det vert presentert ein pen bunke musikk frå platesamlingane til karane, og dei blir presentert med fakta, funfacts, fjas eller eigne historiar tilknytta låtane.
Vinyl med Noko Attåt er ein veldig populær "plateprat" som har drive på i fleire år med fast base i Trivselshagen (Gloppen) i tillegg til at dei har turnért rundt i fylket. Dette er første gongen dei tek turen til Sogndal, sjølvsagt i samband med Sogndal Platemesse.
Tema for kvelden er "Mat og Drikke", so alle låtane vil ha ei tilknytning til nettopp mat eller drikke.
Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 27. september. Dørene opnar kl. 19:00. Plateprat cirka kl. 20:00-21:00. Dørene stengjer 22:30.
Billettpris: kr 100,-
Open bar - Aldersgrense 18 år.
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.