Kokosbananas - Det Store Showet

Bilde for Kokos Bananas - Det Store Showet

Framsyningar

Henter programmet

Kjøp billett ved å trykke på klokkeslettet over.
Billettane kjem for sal 25. april kl 12:00.

Bli med barnas favoritt Kokosbananas inn i eit univers som feirar fantasiens og forteljingas skapande kraft! På scena står Rolf Magne Golten Andersen, mannen bak Kokosbananas-karakteren som har blitt eit fast innslag hjå mange barnefamiliar dei siste åra.

Kokosbananas er ein liten oppfinnar som bur saman med Mamma Banana, Pappa Kokos og veslesystera Baby Koko. I oppfinnarskuret sitt lagar Kokosbananas dei villaste oppfinningane, noko som alltid får han opp i rare og komiske situasjonar.

Rolf Magne har skrive både lyd- og papirbøkene om Kokosbananas, og det er også han som gir liv til dei karakteristiske stemmene. I dette showet blir publikum invitert inn i Kokosbananas-forteljingane som boblar over av leik og rare påfunn. Og det blir vel ikkje eit ekte Kokosbananas-show utan at det dukkar opp ei oppfinning eller to!

Passar for born frå 3 til 9 år, men er òg moro for storesysken, foreldre og besteforeldre!

Illustrasjonar: Victoria H. Hamre
Koreograf: Sofie Øren

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 30. august kl. 13:30.
Varigheit: cirka 45 minutt.
Billettpris: kr 249,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.