"Exploding Kittens" m/ Marie - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Kom og lær/spel "Exploding Kittens". Marie ynskjer nybyrjarar og erfarne velkomne!
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.
NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!
Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)
Exploding Kittens er eit kortspel for folk som er glade i kattungar, eksplosjonar og laserstrålar. Og nokre gongar geiter. Spelet skapte historie då det vart tidenes mest populære spel på Kickstarter, både i tal dollar dei fekk i støtte og tal støttarar. Exploding Kittens er ein svært strategisk kattunge-fylt versjon av russisk rulett. Spelarane trekk kort etter tur til ein spelar trekk ein "Exploding Kitten", som fører til at spelaren eksploderar og døyr - Med mindre ein har eit såkalt "Defuse"-kort, som let deg desarmere kattungen.
DU BLIR EIN AV 4 SPELARAR som Marie lærer opp og spelar med.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl. 11:30-12:00.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!