Lorcana-kurs med Game Ninja - SognaCon 2025

Bilde for Lorcanakurs med Game Ninja

Framsyningar

Henter programmet

Aldersgrense 12 - 18 år, med billettslepp laurdag 1. februar kl. 12:00.
Alder 18+ kan kjøpe billettar frå 15. februar kl. 12:00.
NB! Kun 20 plassar, so sikre deg billett raskt!

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Om Lorcana og kurset:
Disney Lorcana er eit nytt og veldig populært "tcg" kortspel, altså eit "trading card game" som vil sei at du kan samle og byter. På den måten bygger du kortstokken din slik at den passar best mogleg med din taktikk. I Lorcana finn du dei kjende og kjære Disney-karakterane, både heltar og skurkar.

Dette er eit oppslukande kortspel som gir timesvis med moro og strategisk spel, og som let deg spele mot ein eller fleire motstandarar. 

Bjørnar frå Game Ninja kjem heile vegen frå Haugesund for å lære DEG å spele Lorcana. For billettprisen på kr 149,- får du eit starter deck og ein booster pack (kortbunkar) til å spele med, der du sjølvsagt får korta med deg heim etterpå.

Stad: Kunstgalleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 13:00-14:45.

Billettpris:
Alder 12 - 18 år: kr 149,- og du får då med deg eit starter deck og ein booster pack.

Alder: 18+ : kr 149,- og du får då med deg eit starter deck og ein booster pack.
Billettslepp laurdag 15. februar kl. 12:00.

Trykk på klokkeslettet øvst for å kjøpe billett.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no