"Sabotør" m/ Alvilde - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Kom og lær/spel Sabotør! Alvilde ynskjer nybyrjarar og erfarne er velkomne!
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.
NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!
Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)
Alvilde er klare til å ta imot nybyrjarar og erfarne spelarar til ein omgang med Dennis Vareide sitt brettspel «Sabotør».
Sabotør er eit spel om samarbeid, bløffing og bedrageri. Sabotør er eit spel der godt samarbeid er nøkkelen til suksess! Saman med dine medspelarar skal Atlanterhavet kryssast i ein gallion, men ingen eventyr er heilt utan farar! Om bord på gallionen, er det hemmelege sabotørar som kun har eit mål: Å sørge for at skuta aldri når sitt mål, utan at dei sjølv vert avslørt. Dette er eit spel der det kan vere fatalt å stole på andre spelarar, der dine beste vener aldri vil nøle med å kaste deg på havet og der ein likevel er avhengig av å samarbeide for å kome i mål.
DU BLIR EIN AV 6 SPELARAR som Alvilde lærer/spelar med.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars.
Velg mellom kl. 11:00 - 12:00, kl. 13:00-14:00 og kl. 16:00-17:00.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!
