"Kvakksalver" m/ Konstantin - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Kom og lær/spel Kvakksalver (The Quacks of Quedlinburg)! Nybyrjarar og erfarne er velkomne!
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.
NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!
Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)
Konstantin er klare til å ta imot nybyrjarar og erfarne spelarar til ein omgang med brettspelet «Kvakksalver».
Kvakksalver / The Quacks of Quedlinburg er eit prisvinnande brettspel som vann den prestisjetunge prisen "Kennerspiel des Jahres" eller "årets spel kåra av kjennarar" 2018. I dette morosame og strategiske spelet tek kvar speler rolla som ein sjarlatan, eller kvakksalvar, som blandar hemmelege eliksirar ved hjelp av ingrediensar trukke frå ein felles pott.
Spelet handlar om risiko og belønning. Spelarane må vere forsiktige med kva ingrediensar dei trekk, for ein ingrediens for mykje kan øydeleggje heile brygget. Dersom du stoppar i tide og lagar ein mindre porsjon, kan du sikre deg nok pengar til å kjøpe kraftigare ingrediensar til framtidige brygg, som igjen gir deg fleire poeng.
Spelet blandar tilfeldigheit, strategi og spennande val, der det å balansere risiko er nøkkelen til suksess. Spelets kombinasjon av enkelheit og djupne gjer det til ein favoritt blant både erfarne brettspelarar og nybyrjarar.
DU BLIR EIN AV 4 SPELARAR som Konstantin lærer/spelar med.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars.
Velg mellom kl. 11:00 - 13:00 eller kl. 14:00-16:00.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!
