Live showspeling m/ Rollespillpodden - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Showet er GRATIS, men du må ha billett.
Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)
Om Rollespillpodden og showet:
Rollespillpodden er ein "actual play" podcast på norsk.
(Det vil sei at dei spelar improvisert rollespel og legg ut spelinga si episodevis.)
Dei spelar rollespel i mange ulike system (til dømes Dungeons & Dragons, Pathfinder, Call of Cthulhu, My Little Pony), men i hovudsak fantasy og horror. I 2020 starta dei podcasten med deira første eventyr "No place like Nome" og har gitt ut episodar annankvar veke siden då. Dei har reist rundt på ulike cons for å spele live for publikum og har no sett snuten mot Sogndal og Sognacon! Dei serverar ein heilaften med humor og grøss som passar for ungdomar og vaksne.
Sjekk Rollespillpodden si nettside og høyr på episodane deira her.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 19:00-21:50.
Gratis, men du må ha billett.
Trykk på klokkeslettet øvst for å få billettar.
Tomt for billettar?
Dersom foredraget eller showet du skal sjå i Storsalen er fullt kan du møte opp og stå i ventekø utanfor. Ofte vil det vere ledige plassar pga folk som ikkje møter opp, og då vil vi fylle desse seta med dei som står i ventekø.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!
