"Heat: Pedal to the Metal" med Andreas - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Kom og lær/spel "Heat: Pedal to the Metal". Andreas ynskjer nybyrjarar og erfarne velkomne!
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.
NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!
Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)
Om brettspelet:
Kontroller racerbilens eigenskapar for å unngå overoppheting i dette racingspelet frå skaparen av "Flamme Rouge!"
Heat: Pedal to the Metal set spelarane i førarsetet i intense billøp, medan dei køyrer for dei beste posisjonane og sjansen til å krysse målstreken først. For å unngå at bilen vert overoppheta må du følgje nøye med, og oppgradere bilen for å klare dei vanskelege svingane og halde motoren kjøleg nok til å oppretthalde toppfart. Til sjuande og sist vil det vere køyreferdigheitane dine som avgjer om du vinn!
DU BLIR EIN AV 4 SPELARAR som Andreas lærer opp/spelar med.
NB! Andreas er dansk, så spelet foregår på ein herleg blanding av norsk, dansk og svensk.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars.
Velg mellom kl. 10:10 - 12:00, kl. 13:00-15:00 eller kl. 17:00-19:00.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!