Good Time Charlie

Bilde av bandet

Framsyningar

Henter programmet

Dørene og baren opnar kl 19:00. Konsert frå kl. 20:00.

Good Time Charlie (GTC) vart starta i 1982 og blir rekna som eit pionérband for autentisk Rhythm and Blues i Noreg, noko dei òg har hausta både nasjonal og internasjonal anerkjenning for. GTC har mellom anna vore backingband for blueslegender som Lowell Fulson, Hubert Sumlin, Pinetop Perkins og Jimmy Dawkins.

Med 12 kritikarroste album og fleire nominasjonar til Spellemannprisen har bandet sett tydelege spor etter seg. I tillegg har GTC med konseptet «Jubelblues» treft blink med å spele blues på dialekt for born i alle aldrar. Dei har gitt ut fire barneplater i Jubelblues-serien. GTC skal ha familiekonsert i Storsalen 15. februar, les meir om den her.

I 2025 er GTC på vegen med originalbesetninga frå bandet sitt første album, Comin’ Down With The Blues frå 1995. Albumet vart hylla av kritikarane og har i ettertid fått status som ein milepåle blant norske bluesutgjevingar.

Bandet utvikla tidleg eit eige sound og har evna å fornye seg. Dette har resultert i ein slagkraftig musikalsk heilskap inspirert av New Orleans Rhythm and Blues, West Coast Cool Blues, Boogie Woogie og Rockin’ Soul.

GTC er i gang med materiale til eit nytt album i spora etter Comin’ Down With The Blues, og besetninga er utvida med Steinar Karlsen på gitar. Nokre smakebitar frå den komande plata blir allereie å høyre på vårens konsertar.

Gamle og nye fans kan gle seg til ein dynamisk og vital konsert. Kanskje blir det gjenhøyr med GTC sin radioklassikar frå 80-talet, «Davy Crockett» i vill Boogie Woogie-utgåve?

Besetning:
Arle Hjelmeland
– vokal, munnspel
Johnny Augland – gitar, piano, vokal
Per Fredriksen – trommer
Leif Korsnes – bass, vokal
Steinar Karlsen – gitar, vokal

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 27. februar. Dørene opnar kl 19:00, konsert frå kl. 20:00.
Varigheit: 2 sett på cirka45 minutt, dørene stengjer kl. 23:00.
Billettpris: kr 270,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).