Jubelblues med Good Time Charlie

Bilde av Good Time Charlie som spelar musikk på scena.

Framsyningar

Henter programmet

Velkomen til Familielaurdag på Kulturhuset.
Full rulle! - barnekonsert med snert og lokale barnekor som Krudlalaget, Tweenskoret til kulturskulen og fleire unge songarar frå Kaupanger, Luster og meir.

Hugs Kulturspiren i forkant, frå kl. 11:00-15:00.

Med familiekonseptet Jubelblues har Good Time Charlie truffe innertiar i det å spele blues på dialekt for barn i alle aldrar. Jubelblues er gøy for små og store. Her kan alle delta – det handlar om å få brukt spontaniteten sin på ein god og leikande måte.

Musikken er energisk rhythm and blues i kjent Good Time Charlie stil. Tekstane er på vestlandsdialekt og songane er lette å synge med på.

Good Time Charlie lanserte nyleg si fjerde barneplate i Jubelblues-serien - FULL RULLE. Her får du høyre melodiar om besta som blei russebussjåfør, bli køsprø, og vere gul og blå frå topp til tå.

Nyleg fekk Good Time Charlie Sogn og Fjordane mållag sin Målpris for 2023. Grunngjeving for prisen: Bandet får prisen fordi dei lagar fengande musikk for born på nynorsk, og Good Time Charlie er ei viktig nynorskrøyst i bornekulturen.

Good Time Charlie har stort engasjement for rhythm and blues som musikkform og fartar landet rundt med ein unik evne til å skape trygg og kreativ kontakt med publikum. Her er mykje humor, ville sprell på bluesgitar og fri fantasi!
Dei har mellom anna spelt på Bergenfest Ung, Den Musikalske Stamvegen, Nattjazz, Vossajazz, Sildajazz, Jazz på Jølst, Canal Street Festival, Nidaros Bluesfestival, Notodden Blues Festival, Falturiltu barnebokfestival og Kongsberg Jazzfestival. Jubelblues har óg vore flittig brukt på turnèar for Kulturtanken og DKS, og er med på Kulturtanken si nye satsing - Meir nynorsk i DKS. Låtar frå Jubelblues-platene er å finne på spelelistene til NRK Radio Super.

Good Time Charlie er:
Arle Hjelmeland – vokal, munnspel, kazoo
Steinar Karlsen – gitar, kazoo, vokal
Morten Skage – bass, kazoo, vokal
Einar Olsson – trommer, kazoo, vokal

”Med Full rulle skaper Good Time Charlie gode musikalske fellesopplevelser. Det låter enkelt fordi det ligger mye tanke bak. Bandet er oppsiktsvekkende gode på det som ofte kalles ”publikumspåvirkning”. Her kan en fireåring og en fjerdeklassing danse sammen. Jeg gleder meg allerede til neste konsert” - Maja Skanding, Bergens Tidende.

"Dette har barn fortjent! Tekstene er morsomme, uhøytidelige og til tider små eventyr i seg selv. Samtidig oppleves det hele som spontant, nært og inkluderende for både stor og små. Det er imidlertid ikke bare tull og tøys, det er også gitt plass til litt samfunnskritikk der det trengs. Pekefingeren er derimot fraværende, men vi skjønner hva det dreier seg om" - Svein Andersen, Aftenposten.

"Tekstane på dette albumet kommuniserer godt og vert verken for vanskeleg for borna eller for enkle for dei vaksne" - Øyvind Vågnes, Dag og Tid.

"Jubelblues er en av de mest vellykkede skolekonserter jeg har sett, mye på grunn av bandets evne til å knytte kontakt med elevene." Maja Skanding, Ballade.

"Konserten var ei magisk stund for små og store" - Tone Mannsåker, Radio Folgefonn.

Jubelblues sine konsertar passar for heile barneflokken - frå 0 -100 år!

Her er lenke til syng-med videoar, slik at de kan lære sangane på førehand!

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: 15. februar kl. 15:00.
Billettpris kr 140,-

Bilde av Good Time Charlie som dyttar ein gamal bil.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)