"Kreativitet: Monster, magi og moglegheiter" føredrag med Vilde Ylvisåker Førre - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Føredraget er GRATIS, men du må ha billett.
Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)
Om Vilde Ylvisåker Førre:
Vilde er utdanna grafisk designar ved NTNU i Gjøvik, og er ein sjølvlært illustratør, som har stått for å lage den flotte SognaCon-logoen. Eit av hennar siste store verk er inngangspartiet til studenthuset Meieriet, som du kanskje har lest om i Sogn Avis . Interesser i Japan, design og fantasy er gjenkjennelige element i illustrasjonane, som du no får sjå på stand her under SognaCon.
Om føredraget:
Vilde snakkar om den kreative prosessen i det å skape, og i hennar tilfelle særleg det som kjem til design. Ho svingar innom arbeidet med SognaCon-logoen, "monster" ein møter på vegen i prosessen, og kva moglegheiter kreativiteten kan gi.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 10:20-10:50.
Gratis, men du må ha billett.
Trykk på klokkeslettet øvst for å få billettar.
Tomt for billettar?
Dersom foredraget eller showet du skal sjå i Storsalen er fullt kan du møte opp og stå i ventekø utanfor. Ofte vil det vere ledige plassar pga folk som ikkje møter opp, og då vil vi fylle desse seta med dei som står i ventekø.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!