"Jentegamer" føredrag med Kadust Universe - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Føredraget er GRATIS, men du må ha billett.
Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)
Om Kadust Universe / Isabelle:
Isa er ei av Noregs første og største kvinnelege gaming influencerar. Med over 50 tusen følgjarar på Instagram-kontoen @kadustuniverse fortel ho om livet sitt, der gaming særleg er i hovudfokus. Som offisiell ambassadør for PlayStation Norge får ho vere med på mykje spennande.
Om føredraget:
Sjølv om det heldigvis er mykje meir vanleg at jenter game'ar no for tida, heng det framleis att ein del dårlege haldningar i gamingmiljøet. Isa var tidleg ute som jente i ei mannsdominert gamingverd og har opplevd og gjort seg ei rekke erfaringar, både positive og negative. I dette føredraget snakkar ho litt om seg sjølv, om erfaringane ho har gjort og om kva som er viktig for jenter, gutar og vaksne å tenkje på.
Eit føredrag vi alle kan lære av.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 18:00-18:40.
Gratis, men du må ha billett.
Trykk på klokkeslettet øvst for å få billettar.
Tomt for billettar?
Dersom foredraget eller showet du skal sjå i Storsalen er fullt kan du møte opp og stå i ventekø utanfor. Ofte vil det vere ledige plassar pga folk som ikkje møter opp, og då vil vi fylle desse seta med dei som står i ventekø.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!