Dragepust - frå idé til Kickstarter - SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Showet er GRATIS, men du må ha billett.
Vertshuset vart avlyst pga Rollespill-Simen ligg i spagaten med influensa, og den onde sjefen til Nicolai tvang han til sitje igjen på jobb. Heldigvis steppar Michael og Simen Stangeland inn.
Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)
Det nye norske rollespelet Dragepust vart ein gigasuksess i årsskiftet 2023/2024, då deira Kickstarter EKSPLODERTE og heile prosjektet vart fullfinansiert på under eit døgn.
2 av Dragepust-skaparane, Michael Stensen Sollien og Simen L. Stangeland fortel om korleis prosessen var frå idéen først poppa fram, til dei stod med ei fersk, fysisk, nytrykt Dragepust-bok i handa.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 12:00-13:00.
Gratis, men du må ha billett.
Trykk på klokkeslettet øvst for å få billettar.
Tomt for billettar?
Dersom foredraget eller showet du skal sjå i Storsalen er fullt kan du møte opp og stå i ventekø utanfor. Ofte vil det vere ledige plassar pga folk som ikkje møter opp, og då vil vi fylle desse seta med dei som står i ventekø.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!