D&D 5E "Inn i den grøne kjeften" med Stig - SognaCon 2025

Bilde av Stig og ein illustrasjon av Stig som ein eventyrperson med lutt.

Framsyningar

Henter programmet

Kom og lær/spel Dungeons & Dragons 5E. Nybyrjarar og erfarne er velkomne!
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.
NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Stig er ein ytresogning som har utvandra til Tønsberg. No kjem han til SognaCon for å spele rollespelet Dungeon & Dragons 5E med DEG. Stig har spelt D&D i 6 år og har vore grottemeistar (speleleiar/Dungeon Master) i snart 2 år. Han ynskjer både nybyrjarar og erfarne velkomne til dette enkeltståande eventyret (på engelsk kalla one shot).


Inn i den grøne kjeften
Spelarane er karakterar på eit skip som er i ferd med å gå under...

DU BLIR EIN AV 4 SPELARAR som Stig leiar gjennom eventyret.

Kva er rollespel / Dungeons & Dragons?
I eit rollespel er det ein person som leiar spelet. Denne personen kallar vi Dungeon Master / DM I Dungeon & Dragons. Dei andre inntek rolla som ein karakter. Karakterane har ulike ferdigheiter/ eigenskapar, både styrkar og svakheiter. Desse er noterte på eit karakterark. DM fortel ei historie og spelarane tek del i forteljinga ved å velje korleis deira karakter reagerer på det som skjer. Medan nokre spelarar tek rolla fullt ut og snakkar på vegne av karakteren som improvisert teater, vil andre heller forklare kva deira karakter tenkjer og gjer. Alt er lov. Det er ingen feil måte å spele på, det er berre fantasien som set grenser. Saman skapar spelarane og speleleiar/DM ei spennande historie.

Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars.
Velg mellom kl. 10:10 - 12:00, kl. 13:00-15:00 og kl. 17:00-19:00.
NB! Det er det same eventyret som blir spelt 3 ulike gonger. So det er nok at du er med ein gong.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!