Cosplay-kurs med Erik Tiller - SognaCon 2025

Bilde av Erik Tiller vanleg og utkledd som Eddard Stark

Framsyningar

Henter programmet

Aldersgrense 12 - 18 år.
Dei over 18 år kan kjøpe billettar frå 15. februar kl. 12:00.
NB! Kun 20 plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Om Erik Tiller:
Tiller (@tillerscosplay) har vore aktiv cosplay'ar sidan 2011, og har ei brei erfaring i ei lang rekke ulike materiale og teknikkar. Alt frå saum, skinn og lær til worbla, 3D-printing og metallstøyping.

Om kurset:
Denne verkstaden vil vere praktisk retta inn mot at du kan kome i gang med å planleggje og starte på ditt eige cosplayprosjekt. Tiller introduserar deg til materialet "worbla". Dette er eit materiale som kan brukast til mykje, er lett å lære seg og er lett å få til fine resultat med.
Du får utlevert alt naudsynt utstyr på kurset.

Det er kun 20 plassar på kurset. So her må ein vere tidleg ute.

Stad: Kunstgalleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 15:00-16:45.
Billettpris:
Alder 12 - 18 år: kr 100,- for å dekke materialkostnader.

Alder: 18+ : kr 100,- for å dekke materialkostnader.
Billettslepp laurdag 15. februar kl. 12:00.

Trykk på klokkeslettet øvst for å kjøpe billett.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no