"Ticket to ride" med Stine og Maria - SognaCon 2025

Bilde av Stine og Maria, samt spelet Ticket To Ride

Framsyningar

Henter programmet

Kom og lær/spel Ticket to ride! Nybyrjarar og erfarne er velkomne!
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett. NB! Begrensa plassar.

Billettslepp for unge i alderen 12-18 år er laurdag 31. januar kl. 12:00.
Billettslepp for alle andre (ordinær) er laurdag 14. februar kl. 12:00.

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Stine og Maria er klare til å ta imot nybyrjarar og erfarne spelarar til ein omgang med brettspelet «Ticket to ride» - verdens kanskje mest populære brettspel.

Ticket to ride går ut på å samle kort for ulike typar tog, deretter å bygge togruter for å forbinde byar og stadar med kvarandre. Spelet tek berre nokre minuttar å lære seg, men gir timevis med spenning og moro. Bygg transportruter, nettverk og stasjonar, og bli den nye jernbanebaronen. "Ticket to ride" har vunne ei rekke internasjonale prisar og er ein ein skikkeleg publikumsfavoritt.

DU BLIR EIN AV 4 SPELARAR som Stine og Maria lærer/spelar med.

Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 28. februar.
Velg mellom kl. 12:00-13:30, 14:00-15:30 og kl. 16:00-17:30.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!