"Den store Jakta" (D&D 5E-speling) m Markus - SognaCon 2026

Framsyningar
Henter programmet
Kom og lær/spel Dungeons & Dragons 5E. Nybyrjarar og erfarne er velkomne!
Spelinga er GRATIS, men du må ha billett.
NB! Begrensa plassar, so ver raskt ute med å ta deg billett!
Billettslepp for unge i alderen 12-18 år er laurdag 31. januar kl. 12:00.
Billettslepp for alle andre (ordinær) er laurdag 7. februar kl. 12:00.
Markus har spelt rollespelet Dungeon & Dragons i meir enn 5 år, og stiller som speleleiar (Dungeon Master). Han ynskjer både nybyrjarar og erfarne velkomne til dette enkeltståande eventyret (på engelsk kalla one shot).
Den store jakta
Spelarane er goblins (småtroll) og skal hjelpe sjefen sin, Høvding Fluus, med å finne eit nytt vaktdyr til borga.
DU BLIR EIN AV 5 SPELARAR som Markus leiar gjennom eventyret.
Kva er rollespel / Dungeons & Dragons?
I eit rollespel er det ein person som leiar spelet. Denne personen kallar vi Dungeon Master / DM I Dungeon & Dragons. Dei andre inntek rolla som ein karakter. Karakterane har ulike ferdigheiter/ eigenskapar, både styrkar og svakheiter. Desse er noterte på eit karakterark. DM fortel ei historie og spelarane tek del i forteljinga ved å velje korleis deira karakter reagerer på det som skjer. Medan nokre spelarar tek rolla fullt ut og snakkar på vegne av karakteren som improvisert teater, vil andre heller forklare kva deira karakter tenkjer og gjer. Alt er lov. Det er ingen feil måte å spele på, det er berre fantasien som set grenser. Saman skapar spelarane og speleleiar/DM ei spennande historie.
Stad: Galleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid:
Laurdag 28. februar kl. 12:00 - 14:30ish eller
Søndag 1. mars kl. 10:00 - 12:30ish.
NB! Det er det same eventyret som blir spelt desse to ulike gongane, så det er nok at du er med på ein av desse spelingane.
Gratis, men du må ha billett. Få billett ved å trykke på klokkeslettet øvst på denne sida.
Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no slik at nokon andre kan få billetten din!