Manga teiknekurs med Hiwar Nheli - SognaCon 2025

Bilde av Hiwar Nheli og ein illustrasjon frå Mantikorens Kongerike

Framsyningar

Henter programmet

Aldersgrense 12 - 18 år.
Alder 18+ kan kjøpe billettar frå 15. februar kl. 12:00.
NB! Kun 20 plassar per kurs, so ver raskt ute med å ta deg billett!

Ver venleg å gi beskjed til pelle@kulturhus.no om du likevel ikkje får nytta billetten din, slik at andre kan nytte den :)

Om kurset:
Kva er det som gjer mangaen så spesiell og unik i teikneserieverda? Mangaen har ein eigen tradisjon utvikla gjennom historia, med eigne metodar og forteljarteknikkar som har gjort det til det populære mediet det er i dag! I føredraget vil Nheli snakke om korleis vi i Noreg kan følgje denne tradisjonen og skape våre eigne "norske manga"!
Nheli held det same kurset to gonger. Det er plass til 20 stykk på kvart kurs. Du får utlevert alt naudsynt utstyr på kurset.

Om Hiwar Nheli:
Nheli er forfattar og illustratør av "Mantikorens Kongerike" som kjem ut våren 2025. Han er også mangalærar hjå Bjerkely folkehøyskole. I samarbeid med Outland Forlag held han mangaworkshop oger kursholder. I tillegg har han vore programleiar for Kompisprat podkast.
Du kan besøke heimesida hans her: https://hiwarnheli.com/

Stad: Kunstgalleriet i 2. etasje, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 1. mars kl 11:00-12:45 og 17:00-18:45.
NB! Kursa er like, så du melder deg kun opp til eitt av kursa.
Billettpris:
Alder 12 - 18 år: kr 100,- for å dekke materialkostnader.

Alder: 18+ : kr 100,- for å dekke materialkostnader.
Billettslepp laurdag 15. februar kl. 12:00.

Trykk på klokkeslettet øvst for å kjøpe billett.

Har du billett, men kan ikkje likevel?
Gi beskjed til pelle@kulturhus.no