SognaCon 2025

Framsyningar
Henter programmet
Me arrangerer Sogn sitt første Con!
Hald av Laurdag 1. mars 2025 om du er interessert i e-sport, cosplay, rollespel, anime og manga, spelutvikling, brettspel, retrogaming, kortspel og meir!
Følg SognaCon på Facebook og Instagram for fortløpande info, og sjekk nettsida sognacon.no
Kva skjer?
- MANGE gratis show og føredrag i Storsalen.
- Stands og salsbodar i vestibylen og Blaoboxen.
- Rabatterte kinofilmar i Sal 2 og 3.
- Kurs i manga-teikning, cosplay og Lorcana i Kunstgalleriet.
- Gratis spelesalong med brettspel, rollespel etc på galleriet.
- Kreative verkstader på biblioteket.
- Ungdomsklubb Game Lounge i bursdagsrommet.
Du finn oversikt over programmet og meir info på sida www.sognacon.no
I tillegg er SognaCon på Instagram og Facebook
Intensjonen bak SognaCon
SognaCon skal vere eit samlingspunkt for unge som interesserar seg for tema som anime/manga, cosplay, e-sport, gaming/retrogaming, spelutvikling, brettspel, rollespel, kortspel, bøker og meir. Dette vert ein arena for å skape nye venskap, knyte band med likesinna og oppleve fellesskap i ein trygg og inkluderande setting.
I tillegg vil arrangementet og gi vaksne og foreldre eit innblikk i ungdommens interesser og kanskje styrke familieband. Tidleg på dagen vil det vere aktivitetar som passar for alle, inkludert dei som er yngre enn 12-18 år, medan det utover dagen gradvis vil gå over i program for den eldre ungdomen, slik som live speling av mer intense rollespel, og filmar med høgare aldersgrense.
SognaCon 2025 vert arrangert av Sogndal Kulturhus, Sogndal Bibliotek og Sparebank 1 Sogn og Fjordane.