The Red Barn

Bilde for The Red Barn

Framsyningar

Henter programmet

Dørene og baren opnar kl 19:00. Konsert frå kl. 20:00.


The Red Barn er eit spennande nytt band frå vestlandet, som blandar sjangrar som blant anna jazz, folkemusikk og americana. The Red Barn består av nokon av vestlandets travlaste og mest kreative musikarar, no forent i The Red Barn.
Det rykende ferske bandet består av musikarane Kåre Opheim på trommer, Toivo Fjose på komposisjon og bass, Mathias Marstrander på komposisjon, gitar og pedal steel og Aksel Røed på komposisjon og saksofonar.

Prosjektet starta med ein felles forkjærligheit for jazz og americana og har vore
planlagt i lang tid. Medlemane av The Red Barn er involvert i mange andre
musikalske prosjekt og samarbeidar med anerkjende artister og band som blant anna Sigrid Moldestad, The Real Ones, Treverket, GPO, Spidergawd, Havene, Espen Horne & Athletic Unit, Toivo Quintet, Terje Isungset og mange, mange fleire. Dei fire ulike musikarane krydrar musikken med kvart sitt uttrykk og deira allsidige og musikalske erfaringar beriker den kreative tilnærminga til musikken.

The Red Barn er eit friskt pust i jazzverda, då dei utforskar ulike sjangrar og
trekker inspirasjon frå ei rekke musikalske tradisjonar. Med ein solid bakgrunn frå jazz, folkemusikk og americana, skapar bandet eit unikt og fengjande uttrykk som appellerar til eit breidt publikum. Debut-album «The Red Barn» er ute 27.09.2024.

The Red Barn består av:
Toivo Fjose - kontrabass
Mathias Marstrander - gitar
Kåre Opheim - trommer
Aksel Røed - saksofon

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Laurdag 15. februar. Dørene og baren opnar kl 19:00. Konsert frå kl. 20:00.
Billettpris:
Ordinær: kr. 250,-
Student / Ungdom under 18 år: kr. 150,-
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).