Jul i Svingen

Bilde for Jul i Svingen

Framsyningar

Henter programmet

Victoria Productions AS presenterer: Jul i Svingen, av Kjetil Indregard.

Det er desember i Svingen, og juleførebuingane er i full gang. Adventskalendrar skal opnast, julegrana skal tennast, og koret skal syngje. Alt er som det skal vere.

Eller er det verkeleg det? For Marvin, faren til Linus, har som vanleg sine eigne idear om korleis ting bør gjerast. Morosame idear, spennande idear, men er det gode idear? Agnetha, mora til Linus, pleier ikkje å tykkje det.
Og so flyttar det inn ein ny familie i Svingen. Og dei kjem frå Sletta! Kan dei bli vener med borna i Svingen?

Gutane skal på hyttetur. Det gjer dei kvart år, men denne gongen skjer det noko rart. Og det vert kanskje rarast for Nure.
Og kven skal vere Lucia i år? Alle vil, men berre éin kan. Og det er ikkje lett å bli einige!

Akaya skal reise bort i jula, og Atif, som er muslim, feirar ikkje jul. Så korleis skal borna treffe kvarandre på julafta? Blir ikkje det heilt umogleg? Men ungane i Svingen er smarte og finn sjølvsagt ei løysing.

Jul i Svingen er som juler flest. Nokre gler seg, andre gler seg ikkje fullt så mykje. Nokre ting er spennande, nokre er hyggelege, noko er litt leit, og mykje er morosamt. Men éin ting er sikkert: det vert Jul i Svingen!

Regi: Bjørn Birch
Scenografi: John Johansen
Kostyme: Monica Bruvang

Medverkande:
Linus: Julian Bach
Nure: Lars Helge Throndsen
Åsa/Victoria: Linn Gabrielsen
Akaya/Lucy: Anniken Bakken Lundberg
Atif: Julio Daniel Ragnhildstveit
Agnetha: Vanja Lie Wagenius
Marvin: Mads Årseth Berntzen
Biggen: Gorm Jenseg
Børre/Thor: Christopher Emil Jørgensen
Grete Bergum/Frelsesarmédame: Turid Synnøve Rivertz Vatne

Dramatisert for scena av: Kjetil Indregard
Musikk: Odd Nordstoga / John Vinge
Songtekstar: Odd Nordstoga / Kjetil Indregard
Original musikalsk arrangør: John Vinge

Basert på NRKs julekalender “Jul i Svingen”, produsert av NRK.
Manuskript av Kjetil Indregard. TV-regi: Atle Knudsen. Musikk: Odd Nordstoga.
Teaterforlag: Teaterforlaget Songbird AS

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Torsdag 5. desember kl. 18:00 - 20:00.
Varigheit: 1 time og 45 minutt, inkludert pause på 15 minutt.
Alder: passar frå 4 år og oppover.
Billettpris: kr 340,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar).
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på nett, på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).