Jentejazz i Blaoboxen

Bilde for Jentejazz i Blaoboxen

Framsyningar

Henter programmet

Sogndal storband markerer kvinnedagen med Jentejazz i Blaoboxen!

Fulle av våryr speleglede krabbar dei ut av vinterdvalen og spelar til vårens pris. Om det framleis heng att ei og anna sluddbyge over fjorden, vil storbandet gjera sitt beste for å gi publikum varmande jazztonar. Med eit variert repertoar av klassiske storbandperler og meir moderne komposisjonar. Noko for ein kvar smak frå swing til knallhard funk. Med seg på laget har storbandet Henrik Hovland som gjestande musikalsk leiar. Henrik er tidlegare medlem som no svingar taktstokken foran eit supermotivert storband.

Storbandet ønskjer folk av alle kjønn hjarteleg velkomne til ei verdig markering av kvinnedagen i Blaoboxen 8. mars.

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 8. mars. Dørene opnar kl. 19:30, konsert frå 20:00.
Billettpris: kr 200,-
Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino på onsdagar, fredagar og søndagar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)