Operakafe

Bilde for Operakafe

Framsyningar

Henter programmet

Dersom du vil sikre at du får kake på operakafeen, ber vi deg om å kjøpe billett i forvegen. Dersom du ikkje ynskjer kake er det berre å møte opp utan billett. NB! Billettar til "La Boheme" kjem utanom.

I samband med OperaKysten si førestilling "La Boheme" inviterer vi deg til operakafe i Blaoboxen før og i pausen av framsyninga. "La Boheme" kan du lese om og kjøpe billett til her.

Samle gjengen til eit glas eller ein kopp kaffi, og diskuter verdsproblem medan det surrar litt klassisk opera i bakgrunnen. Den perfekte oppvarminga til "La Boheme".

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato: Fredag 19. januar kl 17:30.
Billettprisar kafe (operabillettar kjem utanom)
:
-Kafeen er gratis, du betalar for det du eventuelt kjøper.
-1 stykkje kake (Sognadraumen levert av Meny Sogndal): kr 50,- (ver snill å kjøp billett på førehand)

Open Bar 
- 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino onsdagar, fredagar og søndagar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.