La Boheme

Bilde for La Boheme

Framsyningar

Henter programmet

OperaKysten Gler Seg Over Å Endeleg Kunne Presentere La Bohème Av Giacomo Puccini i Januar 2024.

Operaen vert sett opp tre stader: Førde, Sogndal og Florø.

La Bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart framførd første gong i februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av dirigent Arturo Toscanini. Librettoen vart skriven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.

Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og nokre av dei bærande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton) og den tidlegare songaren Musetta (sopran).

Handlinga er høgst aktuell også idag, - 120 år etter den fyrste framføringa. Mimi er sjuk og døyr av tuberkulose, som var den tidas pandemi.

Bohemane sin natur er likevel å leve sterkt og leve no, trass sjukdom og død – slik livet er. Tida må gripast, elles er den over. Kjærleiken må gripast, elles finn ein den ikkje i tide. Venskap må dyrkast og humor må til for å overleve i ein elles grå kvardag.
Rodolfo, Marcello, Musetta og Mimi gjer akkurat dette; dyrkar venskap og kjærleiken no!

Publikum kan gle seg til å oppleve operaen på norsk, i ei fabelaktig nynorsk gjendikting ved Jostein Avdem Fretland.

Les meir om La Bohème her og lytt deg opp her.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 19. januar kl. 18:30.
Varigheit: cirka 1 time og 50 minutt (inkludert pause på 20 minutt).
Billettprisar:
Ordinær: kr 435,-
Born under 12 år: kr 245,-
Operakystens venner: kr 385,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar).
Kjøpte billettar vert ikkje refundert.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på nett, på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).