Hedvig Mollestad med Cortex

Bilde av Cortex og Mollestad

Framsyningar

Henter programmet

NB! Dørene opnar kl. 18:00, konserten byrjar kl. 19:00.
Vel din eigen billettpris!

Valfri pris - korleis fungerar det?
Me har laga ulike billettkategoriar som gir deg fridom til å velgje din eigen pris. Vel det som kjennes rett for deg, enten det er ein pris som passar bankkontoen eller ein som let deg støtte andre. Di støtte hjelp oss med å skape ei inkluderande og tilgjengeleg musikkoppleving for alle.

Billettpriskategoriane inkluderar:

🎵Platinum og Gull: For deg som ynskjer å bidra EKSTRA og støtte vårt musikalske fellesskap.

🎶 Ordinær: For deg som ynskjer å betale vanleg pris.

🎵Student / Under 18 år: For deg som er student eller under 18 år, som ynskjer å betale vanleg pris.

🎶Sølv og Bronse: Prisvenlege billettar for deg med eit litt stramt budsjett.

Me trur på fellesskapet. Ved å velgje billettprisen som kjennes rett for deg, er du med på å gjere denne konserten til noko spesielt. Uansett kva billettkategori du vel, er du velkommen til å nyte musikken med oss.

Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007, med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet spelar beintøff jazz med frie rammer, men med solide og melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet. Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvittig tempo eller tek dynamikken heilt ned i det sarte og vare.

Med seg har dei den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad - jazzgitaristen som bevegar seg ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden - som både bidreg med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazzorkester og Hilde Kjersem. Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å riste av fryd.

HEDVIG MOLLESTAD gitar
THOMAS JOHANSSON trompet
KRISTOFFER BERRE ALBERTS saksofonar
OLA HØYER bass
DAG ERIK KNEDAL ANDERSEN trommer

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato/tid: Søndag 10. mars. Dørene og baren opnar kl 18:00. Konsert frå kl. 19:00. Dørene stengjer 21:00
Billettpris:
Bronse:
kr. 50,-
Sølv: kr. 100,-
Student / Ungdom under 18 år: kr 150,-
Ordinær: kr. 250,-
Gull: kr. 300,-
Platinum: kr. 500,-
Open Bar - ID 18 år
Folk under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her, eller i kiosken på kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.