Aksel Røed Trio

Bilde av Aksel Røed, Magne Thormosæter og Tore Ljøkelsøy

Framsyningar

Henter programmet

NB! Dørene opnar kl. 18:00, konserten byrjar kl. 19:00.

Vel din eigen billettpris! Les meir under.

Aksel Røed Trio:

AKSEL RØED saksofonar
MAGNE THORMODSÆTER bass
TORE LJØKELSØY trommer

Sjølv om dei tøyer strikken, så er det ikkje tvil om at inspirasjonen er henta frå den rike jazztradisjonen på 50- og 60-talet – med felles referansar i Ornette Coleman, Sonny Rollins, Sam Rivers og Coleman Hawkins. Trioen komponerer på sparket – men har latt det gå sport i å sjå kor lenge strekka kan framstå som planlagde. Undervegs går det både fort og sakte – mange balladar, nokre raske låtar, heile tida i tett og virtuost samspel.

Aksel Røed er ein av dei mest spanande unge musikarane i Noreg i dag, med band som General Post Office, Other Aspects og Knut Kristiansen kvartett. Utover dette er han kjent for å drive Bergen Improklubb og Tedans i Bergen.
Magne Thormodsæter har gjort seg til kjenne i ei rekkje av viktige prosjekt i både inn- og utland, mellom anna Hildegunn Øiseth Kvartett, The Inventio Ensemble og Bergen Bigband, samt ein premissleverandør i opplæringa av nye musikarar som lårar på Griegakademiet.
Tore Ljøkelsøy har hurtig spelt seg inn på elitelaget til norsk jazz med band som Bel, Lyder Røed Kvintett, Local Store, Tore Ljøkelsøy kvartett.

Dette er antakeleg konserten som ville gjera mest for sax-livet ditt i 2024.

Valfri pris - korleis fungerar det?
Me har laga ulike billettkategoriar som gir deg fridom til å velgje din eigen pris. Vel det som kjennes rett for deg, enten det er ein pris som passar bankkontoen eller ein som let deg støtte andre. Di støtte hjelp oss med å skape ei inkluderande og tilgjengeleg musikkoppleving for alle.

Billettpriskategoriane inkluderar:

🎵Platinum og Gull: For deg som ynskjer å bidra EKSTRA og støtte vårt musikalske fellesskap.

🎶 Ordinær: For deg som ynskjer å betale vanleg pris.

🎵Student / Under 18 år: For deg som er student eller under 18 år, som ynskjer å betale vanleg pris.

🎶Sølv og Bronse: Prisvenlege billettar for deg med eit litt stramt budsjett.

Me trur på fellesskapet. Ved å velgje billettprisen som kjennes rett for deg, er du med på å gjere denne konserten til noko spesielt. Uansett kva billettkategori du vel, er du velkommen til å nyte musikken med oss.

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato/tid: Fredag 9. februar. Dørene og baren opnar kl 18:00. Konsert frå kl. 19:00. Dørene stengjer 21:00
Billettpris:
Bronse:
kr. 50,-
Sølv: kr. 100,-
Student / Ungdom under 18 år: kr 150,-
Ordinær: kr. 250,-
Gull: kr. 300,-
Platinum: kr. 500,-
Open Bar - ID 18 år
Folk under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på det klokkeslett-knappen over teksten her, eller i kiosken på kulturhuset.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.