Riksteatret: Hold kjeft, det er Ibsen!

Framsyningar
Henter programmet
Liv Gulbrandsen byr på ei halsbrekkande morosam, nær og inderleg forteljing om Henrik Ibsen og si eiga bestemor. Så langt har 20 000 sikra seg billett på Nationaltheatret. Gå ikkje glipp av den kritikarroste framsyninga når Riksteatret kjem til kulturhuset ditt!
Liv Gulbrandsens bestemor elska Ibsen. Og ho trakk med seg barnebarnet i teateret for at Liv, i altfor ung alder, skulle få sjå Hedda skyte seg. Bestemor hadde ei historie ho ikkje kunne fortelje, og nokre livsviktige råd. Men kva historie var dette?
Nokre gonger må vi bruke andre sine ord der vi manglar våre eigne.
Mange kjenner forfattar, programleiar og kulturpersonlegheit Liv Gulbrandsen frå feministiske, litterære harselasar på scenen. Fifty Shades of Grey-trilogien, Karl Ove Knausgårds seksbindsverk Min Kamp og Jo Nesbøs krimbøker om Harry Hole har alle vore utsett for Gulbrandsens godlynte vreide. Når ho tar utgangspunkt i verka til den største dramatikaren vår, byr ho på ei personleg historie. Liv fortel om kloke og merkelege opplevingar av Ibsens skodespel saman med bestemor, i ei halsbrekkande framsyning der du kan gråte og le, eventuelt le til du græt.
Framsyninga Hold kjeft, det er Ibsen! er ei komisk, nær og inderleg kjærleikserklæring til mødrer og bestemødrer, om strev i fleire generasjonar, om kunsten, teateret – og ikkje minst om Henrik Ibsen.
“Nå burde bestemor være jævlig stolt av deg, Gulbrandsen! (…) Og vi ler høyt, for det er ikke bare morsomt, men også skarpt kritisk og litt rørende.” - Norsk Shakespearetidsskrift
Turnépremiere på Lillehammer 29. februar 2024
Av og med Liv Gulbrandsen. Produsert av ShowPeople og Nationaltheatret. På turné med Riksteatret våren 2024.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: 14. mars kl. 19:00
Framsyningslengde: 1 time og 50 minutt (inkludert pause).
Billettprisar:
Ordinær: kr 440,-
Honnør: kr. 356,-
Samarbeidspartnerar: kr. 354,- (LOfavør, ARK, Teatervenner Norge, Norsk bibliotekforening, Vi over 60 og Opplevelseskortet
JOIN. Max 4. bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.)
Gruppe: kr. 354,- (Rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla.)
Coop-medlem: kr. 340,- (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)
Alle under 30 år: kr. 180,- (Gyldig bevis må visast.)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino på onsdagar, fredagar og søndagar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no
Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no
Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)