Krim-Quiz med langpannepizza

Bilde for Krimquiz som viser abstrakt kunst som kanskje er ein forvrengd person?

Framsyningar

Henter programmet

Er du klar for ein kveld full av gåter, mysterier, nostalgisk spenning og klassisk 80-tals langpannepizza?

Før teaterframsyninga "Detektimen - en kriminalmusikal" startar, inviterer me deg til å teste dine detektiv-ferdigheitar når me saman dukkar ned i ei verd av velkjende krim-mysterier. Her er det ikkje berre mogleg å briljere med kunnskap, men også å mimre over uforglymelege augneblink som har satt djupe spor i TV-historia. Børst støv av gamle Detektivminner og lad opp konkurranseinstinktet ditt, for dette vert ein quiz full av latter, mimring og kanskje nokre "åh ja, eg hugsar det!"-augneblink!

Det vert 10 spørsmål pluss eit utslagsspørsmål. Bruk av medbrakt leksikon og/eller mobiltelefon forbode!

Bilde av gammel mobiltelefon og leksikon med raudt kryss over.

For å kome i den rette "fredags kveld med Detektimen"-kjensla frå 80-talet er det berre ein ting som manglar: LANGPANNEPIZZA!
Heldigvis lagar superheltane ved Restaurant- og matfag ved Sogndal VGS nydeleg pizza som du kan kjøpe i Blaoboxen denne kvelden.

Kvifor ikkje ta den heilt ut? Dersom du kjem kledd i 80-tals klede får du eit gratis beger med peanøtter, som du til dømes kan ha i Cola'en din?

Maks 5 stk per lag (kvar person må ha billett), og vinnarlaget får kvar sin billett til valfri framtidig framsyning frå Riksteatret, på Sogndal Kulturhus.

NB! Avgrensa plassar!

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato: Onsdag 13. september
Tid: Dørene opnar kl. 17:00, Quiz frå ca. kl. 17:15.
Billettpris (alle må ha kvar sin billett):
Kun Krim-Quiz: gratis
Krim-Quiz med 1 stort stykke pizza: kr 50,-

Open Bar - 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)

Billettar til "Detektimen - en kriminalmusikal" finn du her.

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kinoframvisningar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).