Riksteatret: Detektimen - en kriminalmusikal

Framsyningar
Henter programmet
Ta ein pause fra kvardagen og bli med på ein musikalsk komedie med mord og mysterier. Følger du nøye med og gjettar riktig, er det kanskje du som avslører mordaren!
Fritt inspirert av Derrick, Columbo, Poirot og alle dei andre fabelaktige detektimane me samla oss for å sjå på TV på fredagar, inviterer Riksteatret til ein kveld fylt med morderisk moro. Handlinga utspelar seg i internasjonalt farvann på M/S Kronprins Harald, eller Kielferga som den vart kalla. Den pensjonerte, tyske etterforskaren Stephan Reckyll (Øystein Røger) har funne seg til rette ved ein einarmet banditt i skipets kasino når kapteinen (Marit Adeleide Andreassen) ber han bistå i oppklaringa av ei temmelig delikat sak: giftdrap. Det store spørsmålet vert då – kven har gjort det?
Fritt inspirert av Derrick, Columbo, Poirot og alle dei andre fabelaktige detektimane vi samla oss for å sjå på TV på fredagar, inviterer Riksteatret til ein kveld fylt med mordarisk moro. Handlinga utspelar seg i internasjonalt farvatn på M/S Kronprins Harald, eller Kielferga som den blei kalla. Den pensjonerte, tyske etterforskaren Stephan Reckyll (Øystein Røger) har funne seg til rette ved ein einarma banditt i skipets kasino når kapteinen (Marit Adeleide Andreassen) ber han hjelpe til i oppklaringa av ei temmeleg delikat sak: giftdrap. Det store spørsmålet blir då – kven har gjort det?
«Morderisk moro (…) en helaften med tilnærmet smilegaranti» Dagsavisen (5)
«Skyhøy underholdningsfaktor, og en påminnelse om verdien i å samles om noe.» Vårt land
«En hyllest med flere tiår med fredagsunderholdning» Trønderavisa (5)
«Ein krimelskars våte draum» NRK
«Fengende og styggartig» Adressa (5)
«Vil glede mange» Scenekunst.no
«Noko du absolutt bør få med deg» Norsk Shakespearetidsskrift
NB! Start kvelden med tilhøyrande Krim-Quiz i Blaoboxen! Les meir her: Krim-Quiz med langpannepizza
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: 13. september kl. 19:00
Framsyningslengde: 2 timar 10 minutt (inkludert pause).
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nye Hjorten Teater og Nationaltheatret. Med Øystein Røger, Nora Frølich, Emil Olafsson, Marit Adeleide Andreassen, Silje Lundblad, Patrick Hilmar Ingvaldsen, Daniel Mauricio, Olve Løseth og Kyrre Havdal.
Av Mads Bones, Kyrre Havdal og Olve Løseth. Etter ein idé av Øystein Røger. Regissør Mads Bones. Scenograf Katja Ebbel. Kostymedesignar Christina Lovery. Lysdesignar Clement Irbil. Lyddesignar Morten Haug Serigstad. Koreograf Martha Standal. Dramaturg Siri Løkholm Ramberg. Produsent Anita Basmo Bjørnstad.
Les meir og sjå videoklipp frå framsyninga på
www.riksteatret.no/detektimen-en-kriminalmusikal/
Billettprisar:
Ordinær: kr 450,-
Honnør: kr. 364,-
Samarbeidspartnerar: kr. 364,- (LOfavør, Statnett, ARK, Teatervenner Norge, Norsk bibliotekforening, Vi over 60 og Opplevelseskortet
JOIN. Max 4. bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.)
Gruppe: kr. 364,- (Rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla.)
Coop-medlem: kr. 350,- (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)
Alle under 30 år: kr. 180,- (Gyldig bevis må visast.)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino på onsdagar, fredagar og søndagar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no
Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no
Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringje å reservera i same tidspunkt.
Du kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)