Karius og Baktus

Bilde av Karius og Baktus

Framsyningar

Henter programmet

KARIUS OG BAKTUS med Bakgården barneteater

Thorbjørn Egners kjende forteljing om tanntrolla Karius og Baktus som har busett seg i munnen til Jens.

Jens er glad i søtsaker og hoppar ofte over tannpussen. Han har derfor fått eit hol som fungerar helt ypparleg som hus for Karius og Baktus. Her lev tanntrolla godt og vert støtt og stadig servert favorittmaten sin: Loff med sirup på! Dei syng og trallar medan dei hakkar og bankar i tanna for å få ein enda større og finere heim. Dei har store planer om både fleire hus og underjordiske gangar.

So skjer det fatale! Ein dag får Jens frykteleg vondt i tennene sine og får beskjed frå mor si om å pusse dei. Karius og Baktus prøver å få han til å la det vere, men han høyrer ikkje etter. Plutseleg er det ikkje lengre like hyggjeleg for Karius og Baktus å bu i munnen til Jens.

Forestillinga er tradisjonell med nokre oppdaterte vriar som gjer den underhaldande for både små og store.

Skodespelarar:
Mari Kjøstad
Dorina Eldøy-Iversen
Robin Horsgaard Larsen

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato: fredag 20. oktober
Tid: kl. 17:30
Speletid: 35 minuttar + møt og hels

Billettprisar:
Ordinær kr 210,-

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino på tysdag-søndagar.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.