Strikkecafé før Mødrevariasjonar

Bilde av strikketøy, kaffe, kaker og skodespelarane i teaterstykket Mødrevariasjonar.

Framsyningar

Henter programmet

For å kjøpe inn nok kake sel vi billettar til teatercaféen. Ber derfor alle som er interesserte i café om å kjøpe billett i forvegen. NB! Teaterbillettar kjem utanom.

I samband med Teater Vestland si førestilling "Mødrevariasjonar" inviterer vi deg til Strikkecafé i Blaoboxen før framsyninga. Teaterførestillinga kan du lese om og kjøpe billett til her.

Guri England frå Sogndal Bygdekvinnelag kjem og viser strikketips og triks, for dei som er interesserte.

Samle gjengen, eller kom åleine, med eller utan strikketøy. Nyt ein kaffikopp og eit godt kakestykkje før du ser det morosame og stemningsfulle teaterførestillinga, som set eit vestlandsk skråblikk på lukkelege og ulukkelege omstende rundt det å bli- og å vere mor.

Ikkje so glad i strikking? Det går heilt fint! Du er hjarteleg velkomen på teatercafé uansett, og skal få lov til å sitje og nyte kake utan fare for strikkepinnar og flygande garnnøster.

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus.
Dato: Onsdag 1. mars kl 17:00.
Billettprisar Café (Teaterbillettar kjem utanom)
:
Café inkludert kaffe/te m/ påfyll og 1 stykkje marsipankake: kr 100,-
Café inkludert kaffe/te m/ påfyll og 1 stykkje sjokoladekake: kr 100,-
Café inkludert kaffe/te med påfyll (uten kake): kr 50,-

(Kakene vert leverte av Meny Sogndal)

Open Bar 
- 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne - fyll ut vergeskjema og ta med)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino onsdagar, fredagar og søndagar)

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.