TEATER VESTLAND: Mødrevariasjonar

Framsyningar
Henter programmet
Teater Vestland presenterer Mødrevariasjonar.
Sara, Kristine, Ingrid og Marianne er alle førstegongsfødande. Vi møter dei som høggravide og følgjer dei gjennom ti år. Også mødrene deira dukkar opp, i tillegg til bestemødrer, vener, kjærastar og tanter. Dei bur på ein plass der nesten alle kjenner nesten alle, og slik kan dei ikkje unngå å møtast både når det er planlagt og elles.
Framsyninga ser med skråblikk på lukkelege og ulukkelege omstende, her er det både humor og vemod. Vi får fire variasjonar over det å vere mor, med vestlandsblikk. I tillegg blir det nykomponert musikk og sang, mykje strikking og barnevogner på scena.
KUNSTNARLEG LAG
Dramatikar og regissør: Lene Therese Teigen.
Scenograf og kostymedesignar Christine Lohre.
Komponist Tov Ramstad.
Lysdesignar Krystian Myska.
Språkkonsulent manus Tove Bakke.
MEDVERKANDE Oda Alisøy, Carina Furseth, Idun Losnegård og Katrine Lunde Mackenzie.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato: Onsdag 01. Mars
Tid: kl. 19:00
Speletid: 1 time 30 minutter (med atterhald om endringar).
Billettprisar:
Ordinær: kr. 380,- Ordinær
Honnør: kr. 310,- Honnør
Samarbeidspartnar: BOB (må vise medlemskort frå BOB ved innslepp/ved henting av billettar): kr 310,-
Gruppe: Rabatt ved kjøp av 5 eller fleire billettar samla: kr. 310,-
Teaterven: kr. 260,-
Scenekort: kr. 200,-
UNG: Ungdom 16-30 år: kr. 130,-
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino onsdagar, fredagar og søndagar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no
Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no
Har du scenekort kan du kjøpa billettar på nett eller på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid).