Riksteatret: Nei og atter nei // Sogndal

Framsyningar
Henter programmet
Av Nina Lykke. Dramatisert av Liv Heløe.
Nina Lykke sparer ikkje på krutet når ho tek tidsånda på kornet og får oss til å le av oss sjølve. Gle deg til ein nådelaus satire over livet vårt!
Ingrid og Jan har vore gift i eit kvart århundre og bur i ein villa med dei to sønene sine. Gutane er store nok til å bli rekna som vaksne, men oppfører seg som hotellgjester. For Ingrid har både familielivet og læraryrket mista glansen.
Jan, derimot, får opprykk til avdelingsdirektør i departementet og blir overmanna av ein ny og energisk giv. Og av den langt yngre rådgjevaren Hanne, som er i ferd med å bli akterutsegla på familiefronten. Det er på tide å ta grep.
«Nei og atter nei» er ein skarp, morosam og ubehageleg roman om kjernefamiliens kår i eit samfunn der lysta her og no er den edlaste leiestjerna og ingenting er så drygt at det ikkje kan forsvarast med individet sin trong til fridom.
"Romanen fungerer vel så godt på scenen som mellom to permer"
(terningkast 5) Aftenposten
"Ja og atter ja! (..) genuint underholdende og ytterst treffende teater"
Vårt Land
"Det er teater i sin enkleste form, og ikke kjedelig et sekund"
(terningkast 5) Adresseavisen
Med kritikarroste Maren Bjørseth i registolen og Ingunn Beate Øyen, Anders Mordal og Mari Hauge Einbu på scenen, kan ikkje dette bli anna enn ein fest av ei framsyning, som mange vil kjenne seg så altfor godt igjen i.
Med Ingunn Beate Strige Øyen, Anders Mordal og Mari Hauge Einbu.
Regissør Maren E. Bjørseth. Dramatiker Liv Heløe. Scenograf Signe Gerda Landfald. Kostymedesignar Marianne Sembsmoen. Lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien. Lyddesignar og komponist Alf Lund Godbolt. Dramaturg Kristofer Blindheim Grønskag. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus
Dato: fredag 24. mars 2023
Tid: kl. 19:00
Speletid: 2 timar 20 minuttar (inkludert pause)
Billettprisar:
Kr. 450,- Ordinær
Kr. 364,- Honnør
Kr. 364,- Samarbeidspartnarar: LOfavør, Statnett, ARK, Teatervenner Norge, Norsk bibliotekforening, Vi over 60 og Opplevelseskortet
JOIN. Max 4. bill. pr. pers. Oppgi kode for å få medlemsrabatt.
Kr. 364,- Gruppe: Rabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar samla.
Kr. 350,- Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)
Kr. 180,- Alle under 30 år: Gyldig bevis må visast.
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.
(Kiosken er open 30 minuttar før kino på onsdagar, fredagar og søndagar)
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.
Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no
Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no
Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet.
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)