Sogndal Platemesse

Velkomen til platemesse med GRATIS inngang på kulturhuset!
Sogndal Platemesse vert arrangert i samarbeid med Jan Arild Jakobsen, og det vert masse for deg som publikum å sjå på.
Er du interessert i musikk på vinyl, CD og kassett? Eller kanskje litt musikk memorabilia?
Laurdag 23. oktober 2027 kjem musikkinteresserte frå heile landet for å vise fram og selje sine store samlingar av variert musikk og memorabilia. Me freistar å fylle heile vestibylen med bord proppfulle av godsaker. Her finn du alt frå vanlege musikalske trivialitetar til sjeldne perler.
Stad: Vestibylen, Sogndal Kulturhus.
Dato: Laurdag 23. oktober kl. 11:00 - 16:00.
Gratis
PASS OGSÅ PÅ at du får med deg kveldens plateprat "Vinyl med noko attåt" i Blaoboxen.
Har DU lyst å ha ein stand på platemessa? Ta kontakt med Jan Arild Jakobsen på e-post: jana.jakobsen@sogn.no eller tlf 97428281.
Henter innhold...