SognaCon

Gratis inngang, berre møt opp!
Nokre aktivitetar treng du billett til. For best oversikt gå dagsprogrammet på www.sognacon.no
Velkomen til Vestland sitt største Con laurdag 6. og 7. mars 2027. Dagen for alle som er interessert i gaming, manga, e-sport, cosplay, rollespel, anime, spelutvikling, brettspel, retrogaming, kortspel og meir.
Alle er velkomne, men ungdom i alderen 12 - 18 år er i hovudfokus.
Følg SognaCon på Facebook og Instagram for fortløpande info, og sjekk nettsida sognacon.no
Kva skjer?
- MANGE gratis show og føredrag i Storsalen.
- Stands og salsbodar i vestibylen og Blaoboxen.
- Rabatterte kinofilmar i Sal 2 og 3.
- Ulike kurs i Kunstgalleriet.
- Gratis spelesalong med brettspel, rollespel etc på galleriet.
- Gratis kreative verkstader på biblioteket.
- Gratis Gaming Lounge i bursdagsrommet.
Du finn ei oversikt over programmet og meir info på sida www.sognacon.no
I tillegg er SognaCon på Instagram og Facebook.
Intensjonen bak SognaCon
SognaCon skal vere eit samlingspunkt for unge som interesserar seg for tema som anime/manga, cosplay, e-sport, gaming/retrogaming, spelutvikling, brettspel, rollespel, kortspel, bøker og meir. Dette vert ein arena for å skape nye venskap, knyte band med likesinna og oppleve fellesskap i ein trygg og inkluderande setting.
I tillegg vil arrangementet og gi vaksne og foreldre eit innblikk i ungdommens interesser og kanskje styrke familieband. Tidleg på dagen vil det vere aktivitetar som passar for alle, inkludert dei som er yngre enn 12-18 år, medan det utover dagen gradvis vil gå over i program for den eldre ungdomen, slik som live speling av mer intense rollespel, og filmar med høgare aldersgrense.
SognaCon 2027 vert arrangert av Sogndal Kulturhus og Sogndal Bibliotek.
I tillegg håpar me at fleire samarbeidspartnerar og støttespelarar skal bli med.