Salsutstilling: Giuseppe Miconi
Salsutstilling i Galleriet, 2. etg på Sogndal Kulturhus.
Veldig kort om kunstnaren:
Giuseppe Miconi er ein italiensk kunstnar busett i Balestrand i 20 år.
Fekk si kunstutdanning i Roma (Master i kunst og Illustrasjon ved Istituto Europeo di Design, 1994) og har deretter jobba både som kunstnar og som illustratør (lagde illustrasjoner til dei største italienske og norske avisene: la Repubblica, Il Corriere della Sera, Aftenposten, Dagbladet, Dagens Næringsliv, Bergens Tidende).
Måleria hans har vore utstilt i ulike galleri både i Noreg og utland, blant anna:
Galleri Allmenningen, Stranges Stiftelsen (Bergen)
Den Italienske kulturinstitutt, Kulø Galleri, Kunsttreff (Oslo)
Galleri Kanalen (Trondheim)
Balejazz (Balestrand)
Cripte de St. Joseph (Beirut)
Palazzo delle Esposizioni (Roma)
Palazzo della Gran Signoria (Padova)
Frankfurt Bokmesse
Tate Britain i London (videoinstallasjon av animerte måleri).
Opningstider Februar 2024:
torsdagar kl. 16-18
laurdagar kl. 13:30-15:30
Arrangørar: Balestrand Kunstlag, i samarbeid med Sogndal kulturhus og frivillige frå tidlegare Sogndal kunstlag.