Tone Damli 20 årsjubileum

Bilde av Tone Damli i morgonkåpe

Framsyningar

Henter programmet

Kjøp billettar ved å trykke på klokkeslettet over.

Billettslepp torsdag 18. desember kl. 12.

I 2025 markerer Tone Damli 20 år som ein av dei mest synlege og folkekjære artistane i Noreg. Sidan gjennombrotet i Idol i 2005 har ho vore ein fast del av norsk populærkultur – med seks album, utallege singlar, TV-opptredenar, turnear, kjærleiksbrot, to born, og husbygging som har fått større mediemerksemd enn dei fleste politikarar kunne ha drøymt om. Og ikkje minst: ei etterlengta forloving.

I dette showet tek Tone Damli oss med på innsida av eit liv delt mellom rampelys, musikkstudio og småbarnsliv. Gjennom to tiår har Tone navigert mellom både hyllest og hard kritikk, reality og raude løparar, MGP i både Noreg og Sverige – og nyleg Maskorama og podkasten «Råning med Tone». Ho har aldri vunne ein songkonkurranse, sjeldan fått ei god melding – men ho har vunne noko langt viktigare: publikum sine hjarte. Det er nettopp denne reisa jubileet feirar – frå Idol-audition til ein etablert plass i norsk underhaldning.

Tone sjølv skildrar det slik:
«Eg drøymde om å bli Noregs Shania Twain. No siktar eg meir mot Wenche Myhre.»

Jubileumsturneen tek publikum med gjennom høgdepunkt, sårbarheit, humor og historier som aldri før har blitt fortalde frå scena. Det blir musikalske tilbakeblikk og nye tolkingar av låtar frå heile katalogen – frå «Bliss» og «Butterflies» til «I Know».

For dette jubileet handlar ikkje om terningkast eller tabloidoppslag – men om jenta som alltid har drøymt om å bli ei syngjedame, og som no kan feire 20 år på scena.

Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 24. april kl. 20:30.
Varigheit: cirka 75 minuttar.
Billettpris:
Ordinær: kr 715,-
Ledsagarbevis/følgjekort: kr 0,- (NB! Følgjekort skal visast i døra).

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.