OperaKysten 10 år - Der Schauspieldirektor av Mozart

Framsyningar
Henter programmet
I 10 år har OperaKysten laga opera av, med og for kystfolket i Florø og Sogn og Fjordane.Bli med på jubileet og feiringa når vi “rykker attende til start” og set opp Teaterdirektøren av Mozart akkurat som vi gjorde i vår operatiske barndom i 2016!Den gong var kinosalen i Florø utselgt ei veke før premiere, så denne gongen er det sett opp forestillingar både på Nordfjordeid og i Sogndal i tillegg!
Frå scena vert publikum introdusert for den unge, lovande sopranen Frk. Songstad (Beate Mordal), den tilårskomne divaen Madame Borchgrevinch (Nora Oleanne Sårheim), den entusiastiske assistenten (Eivind Kandal) og Teaterdirektøren sjølv (Per Øyvind Helle).Denne vesle komedien om dramaet som kan utspele seg på bak scena på eit teater er kyndig iscenesett av regissør Lars Harald Maagerø, og støtta og akkompagnert av Lina Braaten ved flygelet.Heile forestillinga framførast på nynorsk, gjendikta av vår eigen kunstnarlege ansvarleg Nora Oleanne Sårheim.
Vi gler oss til å feire dei 10 fyrste åra med opera i Florø, og vonar at denne forestillinga gjev meirsmak på både 10 og 20 nye år!
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Fredag 16. januar, kl. 19:00.
Varigheit: cirka 90 minutt utan pause.
Billettprisar:
Ordinær: kr 370,-
Barn under 12 år: kr 225,-
OperaKystens vener: kr 320,- (bruk kode du får frå OperaKysten)
OperaKysten sponsorar: kr 0,- (bruk kode du får frå OperaKysten)
Ledsagerbevis/følgjekort: kr 0,- (NB! Den som treng følgje skal kjøpe ordinær billett. Følgjekort/bevis skal visast i døra.)
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.