Dora Thorhallsdottir - Livet ass...

Framsyningar
Henter programmet
Kjøp billett ved å trykke på klokkeslettet over.
Livet ass er ei kritikarrost, morosam og personleg framsyning om Dora, som hamna i livskrise då mannen hennar fekk kreft i halsen. I denne krisa trong ho hjelp, så ho dykka ned i sitt indre beredskapslager av kunnskap – alt vi har blitt fòra med gjennom livet – på jakt etter noko som kunne gjere det lettare å stå i alt saman.
Showet Livet ass handlar om alt rasket ho fann der, alt tullet vi har blitt utsette for: Kva lærte vi eigentleg av Tornerose, Snøkvit og dei andre eventyra? Eller barnesongane – kva er eigentleg bodskapen i Mikkel Rev? Og er det noko å hente frå timane med Rubiks kube eller moralen i Dirty Dancing? Kvar vart det av opplæringa til sjølve livet?!
Men showet handlar òg om korleis det eigentleg er å vere pårørande. Det alvorlege, skamfulle og vonde får òg plass i denne framsyninga – sjølv om det er standup.
Kort fortalt: ei svært humoristisk framsyning, ispedd eit godt dryss livserfaring om kva som skjer når du gir altfor mykje …
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: torsdag 12. februar kl. 19:00.
Varigheit: ca 70 minutt utan pause.
Billettpris: kr 485,-
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.