Olav Stedje går salsa

Framsyningar
Henter programmet
Sogndal storband har gått saman med Olav Stedje i eit prosjekt til storbandfestivalen i Lillestrøm 2025. Til dette prosjektet vil dei bruka nokon av Olav sine mange hits og forvandla dei til latin/salsalåtar.
Med seg på laget har Sogndal storband fått Sverre Indris Joner. Sverre er ein av Noregs mest kjente og erfarne artistar innan latinamerikansk musikk. Han har utdanninga si frå Universitetet i Oslo og Concervatorio Cervantez i Havanna. Joner starta si musikalske karriere i afro-reggaebandet Destiny i 1979, og er grunnleggar av ei rekkje band blant andre Tango for 3, La Descarga, Salzumba, Electrocutango og Hovedøen Social Club. Sverre skal arrangera Olav sine låtar for storband slik at dei får den rette og autentiske «swungen».
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Søndag 26. oktober kl. 19:00 til cirka 20:30
Billettpris: kr 370,-
Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset. (Kiosken er open kl 17:30-20:00 på tysdag-fredag og kl 15:30-20:00). Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.
Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller vise den på mobilen. Me må kunne skanna QR-koden på billetten.
Du kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.